NOR-WAY BUSSEKSPRESS VALTE INMEDIAAv: InMedia [Sist endret: 22.02.2010 11:05:21]Noregs leiande ekspressbusskjede, Nor-Way Bussekspress, har valt InMedia som nytt hovudbyrå. Kontrakta har eit volum som er historisk for InMedia sin del og er eit draumeoppdrag for InMedia. Nor–Way Bussekspress er ein av Norges mest kjente merkevarer og fraktar årleg 3,5 millionar passasjerar gjennom 31 ruter over heile landet. I tillegg er Flybussekspressen til Oslo Lufthavn Gardermoen frå det sentrale Austlandet ein del av selskapet.
Eit draumeoppdrag Avtala inneber at InMedia vert selskapets faste hovudbyrå og skal jobbe med merkevarebyggjande aktivitetar frå strategisk sparring og vidareutvikling av selskapets merkjevarestrategi, til konsept- og idéutvikling, design og produksjon innan relevante medier.
Prosessen vart sett i gang sommaren 2009 og har vore svært interessant, utfordrande og krevjande. Nor-Way Bussekspress har eit interessant produkt som er i utfordrarposisjon i høve fly, tog og personbil. For InMedia er det eit draumeoppdrag å få vere med på å påverke retninga til eit av dei viktigaste og mest pålitelege kollektivtilboda vi har her i landet.
Avtala inneber mellom anna produksjon av det nasjonalt dekkjande passasjermagasinet Underveis som blir relansert før påske i InMedia-regi.
Les fleire artiklar...
|