- Vi må tørre å vise oss fram og vi må gjere alt vi kan for å gjere kvarandre gode. Det er det som må til når vi no skal profilere eidasamfunnet vidare, og eg tykkjer Eid kommune sitt initiativ med ein felles profil og felles marknadsføring gjennom ”Eid inviterer” er bra, sa John Olav Ledfal då Eid kommune fredag 8. januar samla næringslivet til frukostmøte på Nordfjordeid Næringshage.
Eit tjuetals næringslivsfolk møtte opp på informasjonsmøtet til Eid kommune der felles strategi for marknadsføring av eidasamfunnet stod på agendaen. Fleire av dei mest profilerte bedriftseigarane i Eid var til stades, og viljen viser seg å vere stor for eit mykje meir utstrekt samarbeid for å posisjonere Eid framover. – Det er heilt avgjerande at kommune og næringslivet saman jobbar for å vise alt det positive vi har å tilby alle dei vi inviterer til kommunen vår, sa Sonja Edvardsen på møtet.
Midt i Nordfjord
Kreativ leiar i InMedia, Steinar Engeland, synte forsamlinga gjennom ord og bilete kor mykje bra Eid har samla sett, og synte stor entusiasme for at Eid no klarer å fortelje omverda at det er noko unikt med nettopp Eid.
- Eid er i sentrum av ein svært spennande nordfjordregion. Vi må spele både på det unike med Eid, men òg på at vi er ein del av ein større bu- og arbeidsmarknad i Nordfjord. Totalt sett har Eid og det store omlandet svært mykje å tilby både av arbeidsplassar, kulturopplevingar, naturattraksjonar og attraktive bustader. Vi håper no at kommune og næringsliv i Eid klarer å trø skikkeleg til når vi no gjer ein sjarmoffensiv ovanfor både framtidige innbyggjarar, framtidige tilbakeflyttarar, nye arbeidstakarar, operagjengarar, festivaldeltakarar, turistar, handlande og så vidare. Lista er lang over kva vi inviterer til, og vi ønskjer å vise fram mest mogleg, sa Engeland på frukostmøtet fredag.
nordfjordeid.no
Steinar Engeland og Geir Arne Solheim frå InMedia presenterte planane for profileringsarbeidet som no held fram i det nye året, der mellom anna eit felles magasin for heile kommunen og ein ny nettstad lagt til www.nordfjordeid.no er prioriterte oppgåver.
- Vi kjem til å gå breitt ut og invitere alle aktørane i Eid til å vise att i magasin og på nett. Døra står open for alle, og eg håper flest mogleg vel å delta i magasinet sjølv om det har ein viss kostnad. Vi håper òg at spleiselagtanken kan smitte over på den nye nettstaden som vi treng, sa tekstforfattar i InMedia, Geir Arne Solheim.
Rune Sunde i Normatic er ein av dei som ivrar mest for at nettstaden skal kome samstundes med lanseringa av magasinet før påske.
- I vår kvardag skjer svært mykje digitalt, og vi føler eit sterkt behov for å kunne kommunisere mellom anna med framtidige arbeidstakarar gjennom ein slik nettstad. Difor håper eg dette er noko vi får til i den same venda som magasinet, sa Sunde.
Les fleire artiklar...