Communication works for those who work at it – John Powell

Kommunikasjon er sentralt i alt vi gjer. Både i privatlivet og i forretningslivet er kommunikasjon naudsynt, avgjerande, viktig, berande og det som bind alt vi gjer saman.

Likevel har vi ofte, både privat og offentleg eit lite bevisst forhold til det vi kommuniserer og kvifor. Det er underleg med tanke på kor viktig kommunikasjon er.  

Med kommunikasjon basert på kunnskap, innsikt og strategi vil organisasjonar og bedrifter langt lettare kunne oppfylle sine strategiar og nå sine mål. «Communication works for those who work at it».

Vi i InMedia kan hjelpe deg, di bedrift og din organisasjon med god og målretta kommunikasjon. Vi er spesialistar på strategisk kommunikasjon, omdømme, konseptutvikling, merkevarebygging og marknadsføring. 

Vi har endra vår organisasjon for å kunne vere best mogleg i stand til å skape verdiar for deg som vår kunde. Med strategisk kommunikasjon som fundament, eller som overbygnad om du vil, hjelp vi deg med dine utfordringar. Vi vil gå i frå å vere ein produktleverandør til å vere partnar, rådgjevar, medspelar og fagressurs, som og leverar dei konkrete produkta du treng, i alle kanalar. Men alt med utgangspunkt i kva du faktisk treng, og ikkje kva som er kjekt å ha. Vi har spisskompetansen og breidda, InMedia «makes communication work».

Dag Henning Reksnes
Adm.dir