Kva er QR-KODAR – ei kort innføring:

Overalt ser ein desse såkalla QR-kodane, anten det er på eit visittkort, ei flaske vatn, ei annonse, på nett eller meir kreativt nytta som eit namneskilt på ein konferansedeltakar, tatovering, på klede, osb.

QR-kode ei forkorting av Quick Response, og er utvikla av det japanske firmaet Denso-Wave i 1994. I Norge har det ”tatt av” det siste året, og dei fleste med smartphone har nok ein QR-Scanning App.

Mange bedrifter har kasta seg på trenden, og så lenge det er nytt og skapar nysgjerrigheit mellom brukarane kan det ha stor effekt. Spesielt om ein legg litt ekstra kreativitet i dei.

Ifølge Top SEO Liverpool, som har gjennomført ei verdsomfattande undersøkjing, er det hovudsakeleg menn som har prøvd QR-skanning, og dei gjer det mest heimafrå. Det største bruksområdet ligg i å laste ned rabattkupongar. Så mykje som 46% er villig til å kjøpe basert på kupongar mottatt gjennom QR-skanning. 53% av brukerane er mellom 18 og 34 år.

Det er mange bruksområder for QR-koden, og det er i grunnen bare fantasien som set grenser. Alle kan lage sin eigen QR-kode med informasjon om telefonnummer, henvisning til Facebook-sida si og liknande.

Eksempel på bruksområder:

  • Visittkort – kan vise til et ”vcard/mecard”, som ved hjelp av eit tastetrykk lagrar kontakten på sin smartphone.
  • Kommersielle brosjyrar, DM, annonsar osb.
  • Posters/bannerar/plakatar ute i ”felten” (bygningar, offentleg transport, i bybildet osb.)
  • Emballasje – involverer brukaren ekstra ved å gje informasjon om produktet. Mange vinar har dette i dag, der ein kan få informasjon om opprinning, druetype, lagring, osb.
  • Skilt
  • Klede
  • Magasin, tidsskrift og aviser
  • Nettside, e-post, online
  • Namneskilt
  • Bøker
  • Lokalinformasjon – lett tilgjengeleg tilleggsinformasjon om ein attraksjon, eit reisemål, vegbeskriving, kart, kontaktinfo og liknande. QR koden kan til dømes vise til en YouTube film som viser historia bak attraksjonen. Ein poster med kinoreklame kan vise til ein «preview» eller billettbestilling. Ei velkomstbrosjyre til tilflyttarar kan vise til dei lokale sosiale møteplassane, til dømes idrettslaget si Facebook-side.
  • Brukarmanualar
  • Konkurransar, få høgare deltaking pga. at det er så kjapt og enkelt å skanne koden og skrive inn svaret.
  • Tilbakemelding – ein restaurant kan gje gjesten sin moglegheit til å skanne en kode på rekninga si og gje tilbakemelding på måltidet og servicen ein nettopp har motteke.
  • Event-informasjon
  • Henvising til avsendar si nettside, Facebook, My Space IDs, Twitter osv.


Dei fleste QR kodar ein ser i dag er framleis svart-kvitt og ikkje særleg pene å sjå på. Dei kan nok verke forstyrrande og irriterande på mange framfor å vekke nysgjerrigheit. Om ein legg litt kreativitet i dei, kan det gje motsett effekt. Her er nokre døme på kreative QR kodar frå verda over:

InMedia Kommunikasjon


Ayara Thai Cuisine
www.ayarathacuisine.com

Brainy
www.brainy.com.au

Wired magazine
www.wired.co.uk

Louis Vuitton
www.louisvuitton.com


QRArts
www.qrarts.com

Kjelder:
Designfreebies.org - http://www.designfreebies.org/other-resources/inspiration/designing-qr-codes-plus-a-dozen-beautiful-and-creative-examples/
Top SEO Liverpool - http://topseoliverpool.co.uk/qr-codes/slow-response-qr-codes
InCreo / Håvard Sandaa Karlsen -  http://increo.no/aktuelt/post/hva-er-qr-koder
Wikipedia - http://en.wikipedia.org/wiki/QR_code