Kva har eple med kraftproduksjon å gjere?

Då InMedia i 2010 fekk det ærefulle oppdraget med å utvikle konsept og grafisk profil for Sognekraft, spurte vi oss sjølve: – Kva er det vi assosierer med Sogn og som kan ha relevans for Sognekraft? Fjord, fjell, fotball, saftbygd, Tone D., Olav S. ...? Mykje av dette kunne passa godt, men vi ville få fram det unike vesle ekstra...!  Kva med eple...? Ja, epler var gjerne noko vi meinte kunne vere originalt og treffande. Vår hovudintensjon med prosessen var å skape meirverdi og ny interesse for kunden, så etter grundig intern evaluering var vi alle enige i at dette var noko vi hadde tru på.

Etter vår første presentasjon av idéen fekk vi litt blanda tilbakemelding; Kva har eit eple med Sognekraft å gjere? Vi driv no ikkje med fruktproduksjon akkurat..., medan andre tende på epleidéen ved første augekast og meinte at dette var både originalt og spennande. Etter nøye vurdering og analyser, vart vi einige om å gå vidare. Men nokre formaningar fekk vi: Eplet skulle vere grønt, norsk og helst plukka i Sogn!

Resultatet:
Eit friskt, grønt og roterande eple som står bada i ein foss. Fotoet blei skapt av oss i studio i samarbeid med fotografen Johan Holmquist. I dette fotoet fekk vi inkorporert essensen av det vi meiner Sognekraft står for:  – Ein produsent og leverandør av 100% fornybar kraft, ei rein og naturleg vare frå ein fruktbar og vital region.

Eplet er eit Transperent Blanche frå ein hage i Vik, hovudkontoret til Sognekraft. Biletet er i dag blitt eit lett gjenkjennbart profilsymbol for Sognekraft og prydar det meste av marknadsmateriellet til kunden.

Slagord:
Samtidig følte vi at med dette kraftfulle og energiske profilbiletet trengte Sognekraft eit godt og treffande slagord. Vi meiner at biletet nesten talar for seg sjølv: – Set krefter i sving.
Med dette resultatet kan Sognekraft på ein tydeleg og overbevisane måte framstå som ein aktør som nettopp ... set krefter i sving!

Sognekraft logo