Same shit, new wrapping …

Å lage ny logo er ein viktig og  tidkrevande prosess, men det er ikkje alltid nødvendig å starte heilt frå «scratch». Då Måløyfirmaet Fjord Shipping skulle lage webside i 2008 valgte dei å fornye logoen og samtidig få laga ny grafisk profil. Kravet var at den nye logoen skulle vere basert på den gamle - kontinuitet og gjenkjenning var viktig. Samtidig var kravet at dei ønskte ein tidsriktig og framtidsretta profil.

    Om å tilpasse og fornye seg:
    Å arbeide med ei bedrift sin visuelle identitet er ein kontinuerleg prosess.
    Verda forandrar seg, og bedrifta sin profil bør endre seg i takt med den.
    Globalisering skapar likheit, design skapar eigenart.

Vår løysing for ny logo
I vårt arbeid fokuserte vi på å behalde blått, både som ei viktig kobling til den gamle logoen og ikkje minst til det maritime.  Ny blåfarge frå Pantone-skalaen vart bestemt, ein ny og sjølvsikker F kom på plass i logosymbolet. Med valg av  logofont ønskte vi å uttrykke modernitet og seriøsitet. Skrifta skulle vere framtidsretta, sjølvsikker og tydeleg. Resultatet vart ein logo som framleis var gjenkjenneleg, men som likevel vart oppfatta som ny og samtidig uttrykte ambisjonar og utvikling.

Fjord Shipping logo før og etter


www.fjordshipping.no


Ta gjerne kontakt med oss om du treng ny logo og profil, eller om logoen din berre treng ein oppdatering. Med vår lange og breie erfaring med logoutvikling er du sikra eit godt resultat.