Vi er ein gjeng med folkelege og entusiastiske gutar og jenter som alle er oppvaksne på det norske vestlandet.

Vi har vore i live sidan 1998, då Steinar og Knut fikk ideen om å prøve å lage eit reklamebyrå med nasjonale kvalitetar og ambisjonar - med utgangspunkt på Nordvestlandet.

I løpet av denne perioden har byrået variert i samansetting, men gjekk raskt frå ei tomannsbedrift til drygt 20 hovud.
Vi er takksame for opp gjennom åra å ha fått vore med på å utvikle idear, strategiar og kommunikasjon for fleire av dei leiande bedriftene i landet.

I dag er InMedia eigd av dei tilsette, med ein sterk ekstrapartner på laget. Vi er ein gjeng som brukar mykje tid saman og utviklar kvarandre fagleg.

InMedia har kontor på Nordfjordeid, i Stryn og i Måløy.

  steinart3


Klikk for å sende oss en e-post!