Våre tenester

Vi i InMedia er stolte av selskapet vårt og det vi har oppnådd saman med kundane våre. Vi likar å tru at vi driv med noko som er viktig, både for menneska vi jobbar for og for verksemdene dei er ein del av. Vi ønskjer å få kundane sine idéar til å leve. Fokuset vårt er spissa mot strategisk kommunikasjon, omdøme, konseptutvikling og strategisk design.

Strategisk kommunikasjon

Strategisk kommunikasjon handlar om at alt som vert gjort innan kommunikasjon og marknadsføring heilt klart kan knytast opp mot, og gjev effekt for, at ei verksemd eller ein organisasjon skal nå sine grunnleggande mål og strategiar.

Det betyr at alt som vert gjort skal byggje på fakta, kunnskap og fag, og vidare at effekten av det som vert gjort kan sjåast og målast. Strategisk kommunikasjon handlar om å sjå heilskapen, og at ein ikkje arbeider «stykkevis og delt».